Middel til berekraftig bruk av plantevernmiddel (PLV)
Gjeld middel til prosjekt for oppfølging av handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel.
Husk Søknadsfristen
Kven kan søkje?
Alle som jobbar med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling, kan søkje om tilskot. Gjeld både utgreiings- og forskingsverksemder, fag- eller næringsorganisasjonar og andre føretak.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje middel til
Du kan søkje middel til praktisk retta
- kunnskapsformidling
- utgreiingar
- informasjonstiltak
Det blir ikkje gjeve tilskot til bedriftsutvikling i enkeltføretak, med mindre resultata frå prosjektet vil ha ein tydeleg og stor overføringsverdi for andre liknande verksemder.
Døme på prosjekt som har fått middel:
- utarbeiding av informasjon om korleis plantevernmiddel kan brukast utan at risikoen for resistensutvikling aukar
- rettleiing for betre vekstregulering i Mirakel vårkveite, bruk av integrerte plantevern-prinsipp (IPV)
- utvikling av verktøy for tilrådd jordarbeidings- og plantevernpraksis for å avgrense transport av plantevernmiddel til vatn
- utvikling av dataverktøy for å planleggje og utforme vegetasjonssoner når det gjeld reinsing av plantevernmiddel
Det blir normalt gjeve tilskot til 15–20 prosjekt årleg med prosjektperiode frå eitt til tre år.
Kort om ordninga
- Ordninga skal følgje opp måla i handlingsplanen
- redusere risiko for helse og miljø
- fremje berekraftig bruk av plantevernmiddel
- fremje bruk av integrerte metodar
- redusere avhengnaden av kjemiske plantevernmiddel
- Primærmålgrupper for prosjektet kan vere næringsutøvarar, rådgjevarar og forvaltninga.
- Prosjekt skal rette seg mot utfordringar som har interesse utover reine lokale eller regionale problemstillingar. Regionale prosjekt kan få tilskot dersom problemstillinga eller resultatet vil ha stor nasjonal overføringsverdi.
- Prosjekt skal bidra til
- auka kunnskap til nytte for næringsutøvarar, rådgjeving og forvaltning
- at eksisterande eller ny kunnskap raskt når ut til næringsutøvarar
- Du kan få middel for inntil tre år og opptil 100 prosent av godkjent kostnadsoverslag.
- Middel kan ikkje brukast til investeringar i driftsmiddel som varer ut over prosjektperioden, utan særskild godkjenning.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje med ei prosjektskildring og andre relevante vedlegg. Vi tilrår at du startar med dette i god tid før søknadsfristen.
Dersom du lastar ned malen for prosjektskildring, kan du jobbe med skildringa utanfor Altinn og laste henne opp saman med andre vedlegg når du skal sende søknaden.
Utfylling av søknad
Skjema
Logg inn på tenesta Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel – tilskot til nasjonale prosjekt, via Altinn, for å registrere søknaden.
Generell rettleiing for innlogging og registrering av søknad
Prosjektskildringa som er vedlegg til søknaden, skal innehalde
- bakgrunn for prosjektet
- prosjektsamandrag
- mål med prosjektet og forventa resultat
- målgruppe(r) og nytteverdi
- tiltak og metode/arbeidsskildring
- plan for informasjon og formidling av resultat
- framdriftsplan
- organisering og samarbeidspartnarar
- budsjett
- finansieringsplan
- risikovurdering av måloppnåing og eventuelt risikoreduserande tiltak
Ved behov kan du alternativt føre opp budsjettet i eit anna oppsett. Dette må du laste opp i eit eige vedlegg til søknaden, slik du gjer for andre relevante vedlegg til søknaden.
Sende søknad
Søkjaren er ansvarleg for å sende fullstendig søknad med relevante vedlegg innan den fastsette fristen.
Når du har registrert og sendt søknaden i Altinn, går han automatisk til Landbruksdirektoratet. Du finn kvittering for at søknaden er send inn, i innboksen til føretaket i Altinn.
Behandling av søknaden
Mottak
Landbruksdirektoratet tek imot søknaden og kontrollerer opplysningane du har sendt inn. Ved behov for meir informasjon blir du beden om å ettersende dette.
Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist. Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Faglege prioriteringar
Søknadene blir vurderte ut frå faglege prioriteringar innan kategoriane
- kunnskap om faktiske kroniske og akutte effektar av plantevernmiddel i Norge
- plantevernmiddel i jord og vann
- effektar og risiko i norsk klima, inkludert omsyn til pollinerande insekt
- integrert plantevern
- informasjon, opplæring og rett bruk av plantevernmidler’
Søknader kan bli vurderte på tvers av kategoriar og opp mot andre omsøkte og innvilga prosjekt i landbrukssektoren.
I tillegg prioriterer Landbruksdirektoratet desse typane prosjekt ved vurderinga av søknader:
- prosjekt med relevant fagleg forankring og som bidreg til å nå føremålet med ordninga
- prosjekt med kostnader som står i ei rimeleg forhold til mål og forventa effekt
- prosjekt der resultata har tydeleg overføringsverdi til fleire aktørar
- (For prosjekt som krev forankring og involvering av fleire for å oppnå resultat, vil medfinansiering i form av eigne middel og/eller middel frå andre aktørar telje positivt.)
Sjå noverande vurderingsskjema for meir informasjon om dei prioriterte kriteria i Landbruksdirektoratets vurdering av prosjektsøknader om middel til berekraftig bruk av plantevernmiddel (PLV).
Svar og utbetaling
Svar
Alle brev i saka vil gå til innboksen til føretaket i Altinn, med varsel på mobil og/eller e-post til kontaktpersonen for prosjektet. For tilskot til prosjektmiddel er det som oftast praktisk at prosjekteigaren i søknaden fører opp prosjektleiaren som kontaktperson.
Du må stadfeste
Dersom du får innvilga prosjektmiddel, må du innan 3 veker skriftleg stadfeste at du godtek vilkåra. Dette inneber også særskilde vilkår som Landbruksdirektoratet har stilt for prosjektet.
I dei tilfella der Landbruksdirektoratet gjev delvis støtte, skal du sende inn revidert prosjektskildring, budsjett og finansieringsplan.
Send stadfestinga til Landbruksdirektoratet på e-post postmottak@landbruksdirektoratet.no. Att. Middel til berekraftig bruk av plantevernmiddel, med referanse til saksnummer.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker
Klagebehandling: normalt innan 3 månader
Utbetaling
Inntil 75 prosent av tilskotet kan betalast ut etter kvart som prosjekteigaren kan dokumentere utgifter til godkjende tiltak og dei er godkjende av Landbruksdirektoratet. Dei resterande 25 prosentane av tilskotet kan først bli betalte ut etter at Landbruksdirektoratet har godkjent rekneskap og prosjektrapport. Unntaksvis kan det bli betalt ut akontobeløp som svarar til dei forventa utgiftene.
Ved behov kan Landbruksdirektoratet be om dokumentasjon som kopi av fakturaer, utskrift av hovudbok, reskontro og kontoutskrifter.
Slik får du utbetalt tilskot
Logg inn på tenesta Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel – tilskot til nasjonale prosjekt via Altinn, for å registrere ei utbetalingsoppmoding.
Ved oppmoding undervegs i prosjektperioden skal du laste opp ei oversikt over dei faktiske dokumenterte utgiftene og ein kort statusrapport (1/2 side). Det skal gå fram av statusrapporten om arbeidet er gjennomført i samsvar med planen, og du skal skildre eventuelle avvik frå planen.
Ved oppmoding etter avslutta prosjektperiode skal du laste opp sluttrekneskap og sluttrapport.
Du kan også laste opp aktuell tilleggsdokumentasjon. Det kan til dømes vere fagrapportar, publikasjonar og informasjonsmateriell frå prosjektet.
Det er nyttig å ha lasta ned rapporteringsmalen og gjort han klar, i tillegg til rekneskap, før du går inn i Altinn for å sluttrapportere.
Generell rettleiing for å be om utbetaling
Frist for å sende sluttrapport: står i svaret du får på søknaden.
Melde endringar i prosjektet
Dersom det blir forseinkingar eller endringar i prosjektet som påverkar økonomi resultatoppnåing, må du gje beskjed til Landbruksdirektoratet. Du må gjere gjere for, og grunngje, endringar og eventuelt leggje fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Landbruksdirektoratet avgjer om endringane kan godkjennast.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Dersom prosjektet ikkje blir gjennomført innan fristen, kan du ha mista retten til tilskotet.
Viktige datoar
Utlysing:
24. juni 2025
Søknadsfrist:
15. september 2025