Du kan søkje midlar til tilretteleggingstiltak innanfor landbruksbasert næringsutvikling eller til utvikling og vidareutvikling av etter- og vidareutdanningstilbod innanfor landbruksnæringa.
Med tilretteleggingstiltak meiner vi ulike former for utviklingsretta tiltak som har som føremål å mobilisere til auka verdiskaping i landbruket. Tiltaka vil variere innanfor dei to tilskotsområda for ordninga (næringsutvikling og kompetanseheving), og omfatte alt frå prosjekt og utgreiingar til utvikling av kurs m.m. Du må kunne vise til at tiltaka har nasjonal nytteverdi og bidreg til fellesskapsløysingar.
Med nasjonal nytteverdi meiner vi at den typen kunnskap, produkt eller tenester som blir utvikla gjennom prosjektet, skal vere tilgjengeleg for relevante målgrupper i heile landet. Prosjekt som berre er tilgjengelege eller har nytteverdi for lokale eller regionale aktørar, blir ikkje støtta over denne ordninga. Slike prosjekt har høve til å søkje fylkeskommunen om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RT og RK-midlar).
Det blir ikkje gjeve driftsstøtte eller støtte til rein bedriftsutvikling. Det blir ikkje gjeve midlar til forskingsprosjekt, men kartleggingar og utgreiingar kan støttast.
Du kan få midlar til tiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving i skogbruk, eller kombinasjonen jordbruk og skogbruk, på lik linje med andre tiltak. Det blir ikkje gjeve midlar til tiltak innan reindrift, med mindre det er i kombinasjonen jordbruk og reindrift.
Tidlegare innvilga prosjekt