Kvifor naturmangfald i landbruket

Ulike driftsformer og bruk av areal i landbruket, har gjennom århundre skapt eit mangfald av naturtypar og leveområde for artar. Fleire trua artar og naturtypar i kulturlandskapet er særleg avhengige av tradisjonelle driftsformer for å bli tatt vare på.

Utfordringar og tiltak

Menneskeleg aktivitet, også jordbruk og skogbruk, har til alle tider påverka naturmangfaldet.

Påverknaden til jordbruket

Bruk av areal til matproduksjon fører til sjølvforsyning, sysselsetjing og busetjing, men det fører også med seg negative konsekvensar, slik som at det blir danna område med einsarta vegetasjon, myrar har vorte grøfta og bekker har vore lagde i røyr. Samtidig har aktivt landbruk skapt naturtypar som er levestad for ei rekkje trua artar. I dag er opphøyr av ekstensiv jordbruksdrift, til dømes ved slått og beite, den viktigaste trusselen mot desse naturtypane.

Tiltak blir derfor sette i verk med sikte på å

  • redusera dei negative påverkingane frå jordbruksdrift (som å gjenopna bekker og redusera nydyrking av myr)
  • stimulera til vidareføring av dei driftsformene som varetek dei semi-naturlege naturtypane
  • ta vare på viktige landskapselement (som å skjøtta kantsoner og åkerholmar for å leggja til rette for hekkande fuglar og pollinerande insekt i jordbrukslandskapet)

Påverknaden til skogbruket

Skogbruk har ei lang historie i Noreg, og ein kan finna føresegner for skogbruk heilt tilbake til både Gulatingslova og Frostatingslova for over tusen år sidan. Skogbruket har sidan den tid hatt ei lang historie der ressursane i skogen har vorte utnytta ved bruk av lovverk og skogpolitikk. Skogbruksdrift slik me kjenner det i dag derimot, har berre eksistert sidan 1950-talet, då tilgang og bruk av maskinelt utstyr til hogst verkeleg tok til, og effektiviserte skogbruket betrakteleg. I tida etter at denne effektiviseringa av hogst og kultivering vart den nye norma, vart det også retta større fokus på det biologiske mangfaldet i skogen. Dette har ført til ei skogbruksforvaltning i dag som tar vare på naturmangfaldsinteresser i mykje større grad enn før.

Tiltak som har vore med på å ta omsyn til naturmangfaldet og miljøverdiar i norske skogar er mellom anna

  • krav til miljøregistreringar i skog
  • skogsertifisering
  • omsyn til miljøverdiar under drift og kultivering med fokus på lita påverking på naturmangfald
  • auka fokus på frivillig vern av skogareal med stor betydning for miljøverdiar som har ført til at mykje av skogareala er beskytta mot mellom anna skogbruksaktivitet

Det blir jobba kontinuerleg mot både nye tiltak og forbetring av eksisterande tiltak som varetek naturmangfaldet i skogane som framleis blir nytta til skogbruksverksemd.

Kva for krav må du forhalde deg til

Naturmangfaldlova har som føremål å ta vare på naturmangfald gjennom

  • berekraftig bruk og vern, og
  • sikra ei samordna forvaltning av all natur i Noreg

Loven er sektorovergripande, som vil seia at han gjeld for mange delar av samfunnet, og verkar saman med andre lovverk. Under følgjer beskriving av enkelte delar av naturmangfaldlova det kan vera spesielt viktig å ha kjennskap til for landbruksnæringa og andre som føresegnene måtte gjelda for.

Alminnelege føresegner om berekraftig bruk

I naturmangfaldlova blir det nemnt fleire viktige punkt for ivaretaking av naturmangfaldet (jf. § 6, 9, 12 og 13).

Det står mellom anna at

  • ein skal opptre aktsamt og gjera det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfald i strid med måla i §§ 4 og 5
  • det skal takast sikte på å unngå vesentleg skade på naturmangfaldet
  • det skal takast sikte på å bruka driftsmetodar og teknikkar som unngår eller avgrensar skade på naturmangfaldet
  • det kan fastsetjast retningsgivande kvalitetsnormer for naturmangfaldet (til dømes førekomst eller utbreiing av ein art eller økologisk tilstand av ein naturtype)

Eit døme på område desse føresegnene er tekne i bruk er i Skogbrukslova (jf. §§ 4-8 og §13). Der blir det vist til at ein ved forvaltning, registrering, forynging og stell, vegbygging og hogst av skogressursane i Noreg etter beste evne, skal ta vare på miljøverdiane ved utføring av alminneleg skogbruksforvaltning og skogdrift.

Vassdirektivet

I naturmangfaldlova (jf. § 26a) blir det referert til fastsetjing av nødvendige forskrifter, for rammer for felleskapstiltak for vasspolitikk (vassdirektivet). Dette er fastsett i forskrift om rammer for vannforvaltningen (vannforskriften). Se også avrenning og vannmiljø.

Prioriterte artar

Somme artar er ført opp som prioriterte artar etter eiga forskrift.

Dette er artar som

  • har ein bestandssituasjon eller bestandsutvikling som strir med naturmangfaldlova (jf. § 5 første ledd)
  • har ein vesentleg del av den naturlege utbreiinga si eller genetiske særtrekk i Noreg, eller
  • det er internasjonale forpliktingar knytte til arten

Eksempel på prioriterte artar med eiga forskrift som fell under sektoransvaret i landbruket er honningblom (Herminium monorchis), som veks i rikmyr og på fuktige, kalkrike slåtte- og beitemarker på Austlandet (Artsdatabanken 2010), og rød skogfrue (Cephalanthera rubra), som veks i kalkfuruskog (Artsdatabanken 2010), også den på Austlandet.

Utvalde naturtypar

Det finst ei eiga forskrift om utvalde naturtypar etter naturmangfoldlovaen.

Føremålet med forskrifta er å

  • ta vare på mangfaldet av naturtypar innanfor deira naturlege utbreiingsområde og  artsmangfaldet og dei økologiske prosessane som kjenneteiknar kvar enkelt naturtype (jf. naturmangfoldloven § 4).

Døme på utvalde naturtypar i jordbrukslandskapet er slåttemark, slåttemyr, kystlynghei og hole eiker.

Framande organismar

Forskrift om fremmede organismer har som formål å

  • hindra innførsel, utsetjing og spreiing av framand organismar som medfører, eller kan medføra, uheldige følgjer for naturmangfaldet.

Forskrifta fastset

  • kva artar som er forbodne
  • krav om løyve av artar som ikkje omhandlar forbodet
  • kva unntak som gjeld for kravet til løyve ved innførsel og utsetjing.

Forskrifta stiller også krav til aktsemd, verksemder og tiltak som kan medføra spreiing av framande organismar.

Forskrifta gjeld ikkje framstilling av genmodifiserte organismar som blir regulerte av genteknologilova, innførsel av dei vanlegaste husdyrartane (sjå forskriftas § 3, pkt. 2 bokstav h) eller innførsel og utsetjing av tamrein (sjå forskriftas § 3, pkt. 2, bokstav i). Utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål (sjå forskriftas § 3 pkt. 2, bokstav a) er heller ikkje gjeldande for denne forskrifta, men er regulert under eiga forskrift (forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål).

Verneområde

I Noreg har me fleire ulike former for områdevern. Verneområde blir fastsette ved forskrift av Kongen i statsråd etter måla som er lista opp i naturmangfoldloven (jf. § 35, bokstav a) til h)). Du kan lesa meir om forskrifter om verneområde og dei ulike formene for vern i naturmangfoldloven §§ 34 til 39.

Kven har ansvar for kva

Kommune

Kommunen er vedtaksstyresmakt for Smil-ordninga, UKL/ARV og RMP. Kommunen har også andre ansvarsområde knytt til naturmangfald, jamfør naturmangfoldloven. Sjå Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet.

Statsforvalteren

Statsforvalteren utarbeider det regionale miljøprogrammet (RMP), og bestemmer kva tiltak det er mogleg å få støtte til gjennom RMP i fylket. Statsforvaltaren forvaltar også den regionale delen av Klima- og miljøprogrammet.

Miljødirektoratet

Miljøforvaltninga har ansvar for å ta vare på naturverdiane. Det inneber mellom anna saksbehandling etter naturmangfaldlova, og ansvar på områda trua artar og naturtypar, framande artar og restaurering av natur. Miljødirektoratet driv også innhenting av kunnskap gjennom finansiering av forskingsprosjekt og formidling av kunnskap og informasjon omkring naturmangfald. Dei har ansvar for ei rekkje tilskotsordningar, som tilskot til trua natur og tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt, og følgjer opp handlingsplanen for pollinerande insekt og plan for restaurering av våtmark. 

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har ansvar for nasjonal forvaltning av dei økonomiske og juridiske verkemidla i landbruket, mellom anna tilskotsordningane der betra naturmangfald er ein del av føremålet. Me tildeler også midlar over Klima- og programmet til nasjonale utviklingsprosjekt. Direktoratet deltek på vegner av landbruksforvaltninga i samarbeid med miljøforvaltninga om utvikling av strategiar og planar for betra naturmangfald, eksempelvis i utviklinga og oppfølginga av den nasjonale pollinatorstrategien.

Søke tilskot

Tilskotsordningane i landbruket

Det finst fleire ordningar i landbruket med tilskot til tiltak for å sikra naturmangfald.

Andre tilskotsordningar

Miljødirektoratet forvaltar ei rekkje tilskotsordningar for naturmangfald, blant dei tilskot til trua naturtypar (som slåttemark, slåttemyr og kystlynghei), trua artar, ville pollinerande insekt og verdifulle kulturlandskapsområde. Les meir om tilskotsordningane på Miljødirektoratet sine nettsider.

Miljøforvaltninga forvaltar ordninga med rivillig vern av skog.