Om rapporten

Rapportnummer 35/2022
Dato 30.6.2022
Rapporten KOSTRA-landbruk for 2021 (PDF)

Samandrag

Rekordlåg omdisponering i 2021

Omdisponeringa av dyrka jord til andre formål enn landbruk har aldri, så lenge ein har ført statistikk, vore så låg som ho var i 2021. 2 982 dekar dyrka jord1 blei omdisponert til andre formål enn landbruk i 2021, og det nye jordvernmålet på maksimalt 3 000 dekar omdisponert per år, blei dermed nådd på første forsøk.

Tala for dyrkbar jord er også i positiv, nedgåande utvikling. 2 643 dekar dyrkbar jord blei omdisponert til andre formål enn landbruk i 2021. Dette er det lågaste talet for omdisponering av dyrkbar jord sida KOSTRA-rapporteringa starta i 2005.

Nydyrkinga går framleis nedover

Etter fire år med auke i areal godkjent for nydyrking i perioden mellom 2015 og 2019 ser vi framleis ein nedgang frå 2020. 18 084 dekar blei godkjend nydyrka i 2021, noko som er drygt 3 500 dekar mindre enn året r og over 10 000 dekar mindre enn rekordåret 2019. Det blei gitt dispensasjon til nydyrking av 815 dekar myr i 2021.

Små endringar i talet på saker etter jord- og konsesjonslov

Det er små endringar i tala for kommunane si behandling av saker etter jord- og konsesjonslov. Unntaket er søknader om konsesjon der eit aksjeselskap står som søkar. Det har vore ei auke i slike saker dei to siste åra. 

Forslag til forbetringar

Landbruksdirektoratet meiner det er behov for større merksemd rundt KOSTRA-tala på jord- og konsesjonslov når det kjem til kvalitetssikring av tala. Undersøkingar kan tyde på at det er ei monaleg feilrapportering på desse sakene.