Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Eigenerklære konsesjonsfri overtaking av eigedom

Sjølv om du tek over ein konsesjonsfri eigedom, må du som oftast sende eigenerklæring om konsesjonsfridom. Unntak kan vere ved leilegheiter og utbygd eigedom under 2 dekar.

Kven må sende eigenerklæring

Den som skal ta over ein eigedom som er konsesjonsfri, må ofte sende eigenerklæring om konsesjonsfridom. Du treng ikkje sende eigenerklæring ved overtaking av leilegheit eller utbygd eigedom under 2 dekar. Der kommunen har forskrift om nedsett konsesjonsgrense, må du likevel sende eigenerklæring.

Om prosessen:

Før du eigenerklærer

Kort om ordninga

Konsesjon er eit løyve frå kommunen som er nødvendig for å ta over ein eigedom. Konsesjonsplikta gjeld i utgangspunktet både hus, landbrukseigedom, ikkje utbygde tomter og andre areal.

Skal du ta over ein eigedom som er konsesjonspliktig, må du søkje konsesjon for erverv av fast eigedom.

Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie sidan det er gjort mange unntak frå konsesjonsplikt i konsesjonslova. Det vil seie at du ikkje må søkje om konsesjon. Skal du ta over ein konsesjonsfri eigedom, sender du i staden eigenerklæring for å stadfeste denne konsesjonsfridommen.


Les meir om konsesjon på eigedom

Du må sende eigenerklæring mellom anna for

  • utbygd eigedom mindre enn 100 dekar, og med mindre enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord
  • tomter til bustad- og fritidsføremål
  • ikkje utbygd areal til anna enn landbruksføremål
  • overtaking frå nær familie
  • når den som tek over har odelsrett

Det kan finnast vilkår som må oppfyllast for at du kan ta over eigedommen konsesjonsfritt. Det gjeld til dømes krav om buplikt på visse eigedommar eller etter kommunale nullgrenseforskrifter. Desse krava må stadfestast i eit eigenerklæringsskjema.

Unntak og lokale føresegner

Forskrift om nedsett konsesjonsgrense (nullgrenseforskrift)

Nokre kommunar har ei nullgrenseforskrift. Dette er lokale reglar som gjer at det er buplikt på eigedommen. Grunnen til at ein har slike lokale reglar, er at ein ønskjer å hindre at eigedommar som bør brukast til heilårsbustad, blir brukte til fritidsføremål. Skal du ta over ein eigedom der kommunen har nullgrenseforskrift, brukar du som regel dette eigenerklæringsskjemaet.

Eigenerklæring i kommunar med nedsett konsesjonsgrense

Oversikt over kommunar med nullgrenseforskrift

Buplikt

Buplikt tyder at nokon må bu på eigedommen. Buplikta kan vere personleg eller upersonleg. Personleg buplikt tyder at eigaren må bu der sjølv. Ved upersonleg buplikt kan andre enn eigaren bu der.

Les meir om buplikt

Utfylling av melding

I skjemaet skal du registrere

  • ny eigar (ervervar) av eigedommen
  • grunnopplysningar om eigedommen
  • konsesjonsfridomsgrunn (typen eigedom eller slektskapsunntaket m.m.) og
  • aksept for påfølgjande vilkår
  • signatur av ny eigar og dato

Er det fleire som tek over eigedommen saman (sameigarar), må kvar enkelt fylle ut kvart sitt skjema.

I skjemaet finn du rettleiing om korleis det skal fyllast ut.

Sende eigenerklæring

Send eigenerklæringa til kommunen der eigedommen ligg. Om du får stadfesting på eigenerklæringa du har sendt inn er, avhengig av rutinar i kvar enkelt kommune.

Behandling av meldinga

Mottak

Når kommunen har fått eigenerklæringa, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Det er kommunen der eigedommen ligg, som behandlar eigenerklæringa og kontrollerer om ervervet tilfredsstiller krava til bruk av eigenerklæring om konsesjonsfridom.

Meldingskontroll

Eigenerklæringa kan bli teken ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.

Svar

Svar

Du får tilbakemelding på eigenerklæringa etter at kommunen har kontrollert om ervervet er konsesjonsfritt. Når kommunen finn at ervervet er konsesjonsfritt, registrerer dei opplysningane om dette i matrikkelen. Du kan då sende skøytet til tinglysing hos Kartverket.

Klage

Du kan ikkje klage på at kommunen eventuelt ikkje godtek eigenerklæringa di. I staden må du søkje konsesjon. Dersom du eventuelt er ueinig med kommunen om konsesjonsspørsmålet, blir dette behandla i samband med konsesjonssøknaden.

Viktige datoar

Eigenerklæringsfrist:

snarast mogleg

Tinglysing:

når du får svar frå kommunen om at ervervet er registrert konsesjonsfritt, kan du sende skøytet til tinglysing

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk